Straumprisen stuper i morgon

Les hele artikkelen

Gjennomsnittleg straumpris for Sør-Noreg blir i morgon på 52,8 øre per kWh. Det er 153 øre lågare enn same pris for i dag og den lågaste sidan slutten av mai.
Det kjem fram på straumbørsen Nordpool sine heimesider.
I Midt- og Nord-Noreg blir same pris på høvesvis 30,9 og 24,5 øre.
Regjeringas straumstøtteordning slår inn idet månadleg snittpris er over 70 øre per kWh. Skulle månadleg snittpris ligge på morgondagens prisnivå ville dermed ikkje ordninga slått inn.