Statsminister Jonas Gahr Støre seier det ikkje kjem fleire kommuneoppløysingar frå regjeringa no. Dei siste vekene har det vore stor uro om kommunestrukturen både på Sørlandet og i Rogaland.
– No er det sett strek, no kjem det ikkje fleire slike saker. No har vi kome gjennom dei sakene som låg der då vi kom i regjering, seier Støre til NRKs Politisk kvarter.