Faren til den colombianske Liverpool-spelaren Luis Diaz skal vere lauslaten, melder fleire medier, blant anna colombianske El Tiempo.
Ifølgje colombianske medium skal han ha blitt henta av colombianske styresmakter med eit helikopter.
Det colombianske fotballforbundet bekreftar lauslatinga.
– Lenge leve fridom og fred, skriv Colombias president Gustavo Petro på X/Twitter.
Både mora og faren til Diaz blei bortført i Colombia for 13 dagar sidan av geriljagruppa ELN. Mora blei slept fri etter ein time.
Gruppa har teke ansvar for bortføringa og skal ha sagt dei blei bortført ved ein feil.