Stjerneduellen avlyst: – Feiging

Tungvektsboksaren Tyson Fury seier det ikkje blir noko britisk stjernemøte mellom han sjølv og Anthony Joshua fordi kontraktsfristen er gått ut.
Joshua sa så seint som søndag at han akta å signere kontrakten som vil realisere tungvektsduellen mot Fury. Samtidig sette Fury måndag klokka 17 britisk tid som frist for at papira måtte vere underteikna.
Då den omtalte fristen var gått ut, var etter seiande ingenting på plass.
– Det er offisielt. D-dagen har kome og gått. Det har passert klokka 17 måndag, og ingen kontrakt er underteikna. Det er offisielt over for Joshua, seier Fury i eit innlegg på Instagram.
– Han er no ute i kulda saman med ulveflokken. Gløym det. Idiot. Feiging, heldt tungvektstjerna fram.
Vidare ønskte han Joshua lykke til med den vidare karrieren og livet.
Joshua var på si side tydeleg søndag på at ting ville ta noko tid. Han viste til at juridiske rådgivarar jobba med kontrakten.