Brann ein siger frå opprykk

Brann slo byrival Åsane 2-0 og er berre ein siger unna opprykk til eliteserien, trass i at sju serierundar står att.
Aune Heggebø fire minutt før pause og Ole Didrik Blomberg i siste ordinære minutt scora måla i kampen, der Åsane yppa seg mot favoritten, spesielt i andre omgang.
Brann har vunne alle 12 bortekampane i serien, og treng berre ein siger til for å vere formelt opprykksklar. Den kan kome i heimekampen mot Grorud 12. september.
Eller kanskje før, dersom KFUM teper for Mjøndalen søndag, og Stabæk og Ranheim avgir poeng måndag.