Skihoppar Marius Lindvik har måtte stå over hopptrening dei siste vekene. OL-vinnaren frå stor bakke i vinter stua tåa si medan han spelte padel.
– Det vart litt overtenning. Eg klarte å lande med tåa i bakken og hælen i veggen, seier Lindvik til NRK.
Landslagstrenar Alexander Stöckl håpar å ha 24-åringen tilbake i bakken i haust.
– Det er typisk. Ein skihoppar skadar seg sjeldan i bakken. Det skjer andre stadar, seier austerrikaren som førebels ikkje har planar om å stramme inn på hopparane sine fritidsaktivitetar.