Flymekanikarstreiken er avblås, men gir likevel stadig meir trøbbel for cuprunden denne veka.
Sandefjord ber om å få flytta sin kamp mot Byåsen i Trondheim onsdag, fordi flyet deira er innstilt. Skal dei ta buss, vil det ta i overkant av ni timar.
Vikings kamp mot Kristiansund blei tidlegare onsdag utsett til 19. oktober. Frå før er HamKam – Tromsø og Tromsdalen – Bryne utsett til august.