Liverpool melder at dei har sluttført kjøpet av den uruguayanske angrepsspelaren Darwin Nunez frå Benfica. Han signerte kontrakten tysdag ettermiddag.
Prisen er i utgangspunktet 75 millionar euro, men kan kome opp i 100 millionar euro, nærmare ein milliard kroner, og er klubbrekord for Liverpool.
Nunez har skrive kontrakt for seks år, til sommaren 2028. Han var toppscorar i Portugal sist sesong med 34 mål for Benfica, inkludert i begge kvartfinalekampane i meisterligaen, der Benfica tapte for Liverpool.
Han har også spela 11 landskampar for Uruguay.
Kjøpet av den unge og målfarlege spissen er rekna for å vere eit svar på liga-rival manchester Citys kjøp av Erling Braut Haaland.