Russland vurderer ny CAS-anke

Russlands fotballforbund vurderer ankesak i Den internasjonale valdgiftsretten for sport (CAS). Det skjer etter at russiske lag har fått forlengd utestenging.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) stoppar russisk deltaking i europacupane og i meisterskap dei er ansvarlege for. Årsaka er Russlands krigføring i Ukraina.
Avgjerda på måndag betyr at det russiske kvinnelandslaget blir kasta ut av EM-et i sommar i England, medan herrelaget ikkje får spele nasjonsliga. Russlands søknad om å få arrangere fotball-EM i 2028 eller 2032 bli heller ikkje vurdert.
Det russiske fotballforbundet varslar at det truleg blir sendt inn ein anke til CAS. Der har dei frå før inne saker på tidlegare utestengingar utskrivne av Uefa og Fifa.