Eikeri vidare i double

Ulrikke Eikeri og hennar slovakiske makker Tereza Mihalikova er klar for meir doublespel på grus i Madrid Open. Duoen vann i to strake sett i første runde.
Det blei gjort med sifra 6-1, 6–4 i møtet med Leylah Fernandez (Canada) og Katerina Siniakova (Tsjekkia).
I første sett rykka Eikeri og Mihalikova med to brot på rad. Det tok dei opp i 3–1 og seinare 5–1.
Motstanden blei noko tøffare i sett to. Der sette Fernandez og Siniakova inn ein vellykka brotball i eit blankt game, men Eikeri og makkeren slo hardt tilbake. Igjen blei det to brot på rappen.
Etter det serverte dei heim sigeren og avansementet til neste runde i Madrid. Der ventar Gabriela Dabrowski (Canada) og Giuliana Olmos (Mexico) som motstandar.