IOC skal møte Peng Shuai

Den internasjonale olympiske komité (IOC) har hatt nye samtalar med den kinesiske tennisspelaren Peng Shuai, og har avtalt eit møte under OL.
Ifølge ei fråsegn har IOC vore i regelmessig kontakt med Peng sidan ho forsvant frå offentligheita i november, og at den siste samtalen skal ha funne stad i forrige veke.
Peng skal ha fortalt IOC at ho gleder seg til vinter-OL på heimebane, og at ho skal følgje konkurransane tett.
Peng var borte i fleire veker i november etter at ho skulda ein tidligere kinesisk toppolitikar for seksuelle overgrep mot henne gjennom fleire år.
Seinere sto Peng fram og trekte tilbake skuldingane, og sa ho var misforstått.
Kvinnenes tennisorganisasjon (WTA) er likevel framleis uroleg for hennar situasjon, og ingen derfrå har vore i direkte kontakt med henne sidan i fjor haust.